Hjem, Stillinger, AREALPLANLEGGJARAR »
9. januar 2017
2 arealplanleggjarar
Voss kommune har no ledig to spanande stillingar på vår planavdeling. Ei 100% fast arealplanleggjarstilling og ei 2 årig prosjektstilling. Hovudfokus for planavdelinga vil vere ny sentrumsplan.

Det er stor aktivitet med både plan- og utbyggingsprosjekt i bygda. Voss kommune er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1250 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen

Tekniske tenester har omlag 100 tilsette og er organisert i 5 underavdelingar; drift, plan/oppmåling/byggesak, bygg/eigedom, næring og brann/redning. Planleggjarstillingane  er ein del av eit engasjert fagmiljø i avdeling for plan, oppmåling og byggesak med i alt 13 stillingar. Kommunen har for tida stor aktivitet innafor reiseliv, hyttebygging, hotell, nye skular, bustadfortetting, næring, ny veg og jernbane og sentrumsutvikling.

Er du interessert i utviklinga av Voss, som regionsenteret i Indre Hordland, med visjon om vekst? Bli med å forme Voss for framtida!
Du får jobbe i eit breitt fagleg miljø med høg kompetanse og god erfaring. Det er høg aktivitet og varierte arbeidsoppgåver.

Sentrale arbeidsoppgåver
•    Ny sentrumsplan
•    Saksbehandling av kommunale og private planar
•    Utarbeiding av reguleringsplanar og anna utgreiingsarbeid
•    Rådgjeving i plan- og utbyggingssaker
•    Utgreiingsarbeid
•    Bestillar

Vil du vera med å utvikle desse viktige oppgåvene for kommunen og har dei rette kvalifikasjonane, så er dette jobben for deg!


Vi ynskjer  medarbeidar med
•    Utdanning som master i arkitektur, landskapsarkitektur eller tilsvarande
      høgare utdanning som gjev arealplankompetanse.
•    Erfaring frå planlegging i offentleg eller privat regi er eit føremon
•    Evne til å drive prosessar, oppnå resultat, serviceinnstilling, samarbeidsevne
      og godt humør vert vektlagt.

Vi tilbyr
•    Spanande og varierte oppgåver i eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
•    Gode vilkår for fagleg utvikling, til dømes kurs og vidareutdanning
•    Løn etter avtale og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
•    Gode forsikrings- og pensjonsordningar
•    Fleksitid
•    Hjelp til å skaffe bustad og evt barnehageplass

Kontaktpersonar
Leiar for plan, oppmåling og byggesak  Berit Marie Galaaen
tlf 56523260, mob 90186409, epost 
eller kommunalsjef Torbjørg Austrud tlf 56519603, mob 91874200, epost

Søknaden vert å senda elektronisk. Du finn søknadsskjema på Voss kommune si heimeside: www.voss.kommune.no
Attestar og vitnemål vert å senda Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS
Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova §25 skal det svært gode grunnar til for å skjerma søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Les mer og søk på stillingen

VOSS KOMMUNE – bygd for sterke opplevingar
Voss kommune har om lag 14.000 innbyggjarar med Vossevangen som regionssenter. Voss er ei naturperle med utfordrande, vakker vestlandsnatur. Bygda har eit stort kultur- og idrettstilbod, med gode høve til rikt og aktivt friluftsliv heile året. Voss er ein god stad å vekse opp med mange sosiale møteplassar.
   
Bygda er senter for utdanning i regionen og har eit variert næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust – vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.



Søknadsfrist: 01.02.17
Sted: Voss
Ledige stillinger