Hjem, Stillinger, ARKITEKT »
1. februar 2017
Arkitekt
arkitektkontoret A38 i Sogndal må auke bemanninga - noko for deg ?

Vi søker erfaren og fagleg engasjert arkitekt som kan bidra med kreative innspel og ta sjølvstendig ansvar for prosjekt og kunderelasjonar.  Rett person vil bli involvert i utviklinga av kontoret - og partnerskap kan bli aktuelt.

Kontoret har fleire større prosjekt under programmering/ regulering/ bygging -
i sum over 200 leilegheiter pluss 20.000 m2 anna areal ; vidaregåande skular, næringsareal, kjøpesenter, signalbygg, barnehage, rehabilitering, kontorbygg m.m.

Vi søker deg som har/ er :
•   tilpassingsdyktig og lærenem - men samtidig sjølvstendig og ambisiøs
•   god i norsk, både skriftleg og munnleg - bokmål eller nynorsk
•   stor arbeidskapasitet
•   god erfaring i bruk av ArchiCad
•   erfaring med byggprosjektering, beskrivelse og detaljering –
     jo meir dess betre

Vi kan tilby:
•   gode mulegheiter for fagleg utvikling
•   varierte og spennande oppgåver
•   godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar i ein hyggeleg trebygning
     frå 1910
•   gode mulegheiter for eit rikt friluftsliv – vi jobbar ikkje heile tida…

Søknadsfrist/ tilsetting : snarast – men vi kan óg vente litt på den rette

Rolf Sande, tlf 5762 7453  mobil 917 09 083
Søknad med CV og portfolio kan sendast til post@a38.no 



Sted: Sogndal
Link: www.A38.no
Ledige stillinger