Nasjonale turistvegar sin nye attraksjon Eldhusøya på Mørekysten er blant dei 13 innstilte prosjekta frå Noreg. Foto: Roger Ellingsen/Statens vegvesen
Nominert til Mies-pris

13 prosjekt i åtte fylke er innstilte til første runde av EU sin Mies van der Rohe-pris.

Mies van der Rohe Awards

Prisen er eit samarbeid mellom Europaparlamentet, bystyret i Barcelona og Mies van der Rohe-stiftinga. Den blei lansert i 1987, blir delt ut annakvart år og er finansiert av EU sitt kulturprogram og Mies var der Rohe Foundation. Prisen går til arkitektur som skil seg ut gjennom nye idear og teknologi, og som kan ha kulturell verdi i utviklinga av europeiske byer.

356 europeiske prosjekt er innstilte til første runde i EU sin arkitekturpris, derav 13 norske. Prosjekta er jamnt fordelte over heile landet, medan dei fleste firmaa er Oslo-baserte. Åtte av årets norske innstillingar er trearkitektur.

 

Dei norske kandidatane er kulturinstitusjonar, fritidsbustader, byromsprosjekt, religiøse bygg og einebustader. Desse ligg i Bodø, Molde, Trondheim, Utøya, Sognefjellet, Ålgård, Eldhusøya på Mørekysten, Remøy på Sognekysten, Bærum og Oslo.

 

Flest bustadhus og kulturinstitusjonar

Atelier Oslo og Knut Hjeltnes sivilarkitekter er innstilte med to prosjekt kvar. Førstnemnte har to prosjekt i Oslo; Sentralen, i samarbeid med KIMA arkitektur, og eit bustadhus. Knut Hjeltnes sivilarkitekter er innstilt med to bustader. Norsk landskapsarkitektur er representert med to prosjekt, Sørenga bad i Oslo, signert LPO Architects og Arkitekt Kristine Jensens Tegnestue, og Nasjonale turistvegar sin nye attraksjon ved Atlanterhavsvegen. Sistnemnte, attraksjonen på Eldhusøya i Møre og Romsdal, er teikna av Ghilardi+Hellsten.

 

Bustadhus og kulturinstitusjonar representerer brorparten av prosjekta internasjonalt, ifølgje juryen. Andre viktige kategoriar i årets innstillingar er utdanningsbygg og fleirfunksjonelle bygg med kultur og velferd.

 

Alle kandidatar i første nomineringsrunde er føreslåtte av nasjonale arkitekturinstitusjonar, uavhengige ekspertar på samtidsarkitektur og rådgjevande komité ved arkitektfagforbund over heile Europa. NAL, Arkitektbedriftene og Nasjonalmuseet representerer Noreg.

 

5 finalistar

Juryen skal innstilla 40 prosjekt og deretter nominera 5 finalistar, som juryen besøkjer i løpet av april. Sjølve prisutdelinga skjer 26. mai i Barcelonapaviljongen teikna av modernisten Ludwig Mies van der Rohe. Då skal også alle dei 40 innstilte prosjekta opnast for publikum. I tillegg til prisvinnaren, vil ein framifrå ung arkitekt få heiderleg omtale. Utvalte finalistar blir dessutan presenterte i utstilling og katalog.

 

Desse er innstilte:

Sentralen i Kvadraturen i Oslo, av Atelier Oslo/KIMA arkitektur

Kontorbygget M62 på Filipstad i Oslo av LPO arkitekter

Kulturhuset Stormen i Bodø av DRDH Architects

Romsdalsmuseet i Molde av Reiulf Ramstad Architects

Hegnhuset, minne- og læresenteret på Utøya av Blakstad Haffner arkitekter

Ålgård kyrkje av LINK arkitektur

Bydelsprosjektet Moholt 50I50 i Trondheim av MDH arkitekter

Sørenga bad i Oslo av LPO Architects/Arkitekt Kristine Jensens Tegnestue

Eldhusøya turistvegprosjekt på Averøy av Ghilardi+Hellsten

Trippelbustad til søskena Høyskel på Snarøya i Bærum av Knut Hjeltnes Sivilarkitekter

Einebustad i Pareliusveien i Oslo av Atelier Oslo

Anneks til Sognefjellhytta av Jensen & Skodvin

Feriehus på Sildegarnsholmen, Remøy, av Knut Hjeltnes AS Sivilarkitekter MNAL

Kommenter saken




For å bekrefte at du er et menneske og ikke en maskin, skriv inn bokstavene i bildet:
Captcha Image
Arkitektnytt ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.
Ledige stillinger