Debattinfo

Arkitektnytt skal vera debattarena for faget si rolle i samfunnet. Me tar imot debattinnlegg om arkitektur, interiør, landskap og byutvikling. 

Arkitektnytt skal vera arena for debatt om fag og samfunn, fagkritikk og fagleg nytenking innan dekningsområda våre. Alle aktuelle innlegg om arkitektur, interiør, landskap og byutvikling blir vurderte. Me tar imot kronikkar, debattinnlegg og replikkar til både nett og papir. Innlegga skal ha overskrift, kort ingress og poengtert innhald etter vanlege skrivereglar. Legg ved foto av deg sjølv.

LENGD

Krava til lengd gjeld både nett og papir. Alle lengder er inkludert mellomrom.

  • Kronikk: 4000 teikn
  • Debattinnlegg: 4000 teikn
  • Kortare debattinnlegg eller replikk: 2000 teikn

FRISTAR

  • Til nett: Fortløpande
  • Til papirutgåva: Den 1. i kvar månad.

Papirutgåva blir distribuert siste veke i kvar månad utanom juli. Hugs derfor at debattinnlegget bør vera aktuelt rundt fire veker etter innsending.

FORMAT OG INNSENDING

Send teksten i word-format og foto i jpg-format, som vedlegg til arkitektnytt@arkitektnytt.no. Du vil få svar innan tre virkedagar.

ATTERHALD

Arkitektnytt opplyser om retten me har til å redigera, forkorta eller refusera innlegg. Det vil ikkje vera mogleg å senda nye versjonar av teksten etter innsending. Arkitektnytt tar ikkje imot anonyme ytringar.