Arkitektfirma Jon Vikøren as Vik i Sogn Arkitektfirma Jon Vikøren as

Arkitekt med mastergrad

Grunna stor oppdragsmengde søker vi arkitekt med mastergrad til vårt kontor i Vik i Sogn.
Vi søker fortrinnsvis etter deg som har min. 3 års erfaring, men vurderer også søknad frå deg som har kortare erfaring.
Du må beherske norsk skriftleg og muntleg, og ha evne både til å samarbeide i team og å jobbe sjølvstendig.
Det er ein fordel om du har erfaring med ArchiCad.

Arkitektfirma Jon Vikøren as er eit arkitektfirma med 4 sivilarkitektar, vi har hovudsakeleg prosjekt for offentlege byggherrar, men utfører også private oppdrag.
Vi kan tilby varierte og utfordrande oppgåver, og er på søk etter ein kollega som ynskjer å ta ansvar og vera med og utvikle kontoret vidare.

Vi held til i lyse, romslege lokale, med utsikt til Sognefjorden og strandsitjarmiljøet i Vik.
Vi kan tilby fleksibel arbeidstid, gode løns-, pensjons- og forsikringsordningar.

Søknad med cv sendast til lin@arkjv.no snarast.

For ytterlegare informasjon om vårt kontor og kva vi og Vik kan by på, gå inn på www.arkjv.no eller ta kontakt med Lin Marie Vikøren på lin@arkjv.no eller 413 73 961