Forsvarsbygg Søknadsfrist: 17.08.2020 www.forsvarsbygg.no

Arkitekt/​ Sikringsrådgivar

Vi ønsker å styrke vårt fagmiljø med ein arkitekt til vår prosjekteringsavdeling.

Nasjonalt kompetansesenter for sikring av bygg (NKSB) er statens rådgivar for sikring av eigedomar, bygg og anlegg mot terrorhandlingar, spionasje, sabotasje og annan kriminalitet. NKSB leverar sikkerhetsfagleg rådgjeving til alle større byggeprosjekt i forsvarssektoren og til andre statlege organ. NKSB rådgjev blant anna Statsbygg rundt dei tryggingsfaglege aspekta i samband med utforming av nytt regjeringskvartal. Vi har eit tverrfagleg rådgjevings-, prosjekterings- og forskingsmiljø med landets fremste kompetanse innan sikring. NKSB er organisert som ei eining i Forsvarsbygg og tilbyr rådgjeving innanfor eit bredt område – frå risikovurdering og tryggingsfagleg rådgjeving til prosjektering, forsking og utvikling. 

Vi opplever ei stadig aukande etterspurnad etter vår kompetanse og ønsker derfor å styrke vårt fagmiljø med ein arkitekt til vår prosjekteringsavdeling. Avdelinga driv planlegging og prosjektering i alle fasar, frå ide/ behov, via skisse/ forprosjekt til detaljering og oppfølging i byggefasen i heile landet. Vi leverar også sikringsfagleg rådgjeving til byggherre og prosjekteringsgrupper. Avdelinga er tverrfagleg og har for tida 8 arkitektar og 8 ingeniørar. 

Forsvarsbygg ligg under vilkåra i offentleglova – jamfør særleg offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre www.forsvarsbygg.no/jobb

Arbeidsoppgåver
•   Planlegging og prosjektering av eigedomar, bygg og anlegg (EBA) med spesielle krav til sikring samt forsvarsspesifikke anlegg
•   Rådgivar innan sikring med et arkitektfagleg perspektiv
•   Være ansvarleg prosjekterande og ansvarleg søkar
•   Medverke til leiing av prosjektering og prosessleiing
•   Utgreiing, programmering , funksjonsplanlegging , beskrivingar, kalkyle og teikning/modellering (BlM) innan ditt fagfelt
•   Bruke ulike dataverktøy
•   Bidra i forskings- og utviklingsprosjekt 

Kvalifikasjonar
•   Mastergrad eller tilsvarande innan arkitektur

•   Du har minimum 4 års erfaring som arkitekt
•   Erfaring med prosjektering er ønskeleg

•   Erfaring med samspillsentreprise og prosjektutvikling er ønskeleg
•   Erfaring med relevante dataverktøy som Revit er ønskeleg 

•   Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, skriftleg og munnleg

•   Kandidaten må ha god vandel og kunne tryggingsklarerast opp til Strengt Hemmeleg/Nato Secret 

Personlege eigenskapar
•   Du tek initiativ og ansvar
•   Du har gode samarbeidseigenskapar og evne til å jobbe sjølvstendig
•   Du har ei strukturert arbeidsform
•   Du har gode kommunikasjonseigenskapar skriftleg og munnleg 

Vi tilbyr
•   Løn som overarkitekt kode 1094 eller seniorarkitekt kode 1182 frå 552 800 til 837 200,- (frå ltr. 62 til ltr 81)
•   Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
•   Gode moglegheiter for utvikling og spesialisering i eit prosjekterings- og forskingsmiljø med landets fremste kompetanse innan sikring
•   Godt arbeidsmiljø
•   Fleksibel arbeidstid
•   Medlemskap i Statens pensjonskasse
•   Bustadlån i Statens pensjonskasse
•   Gode forsikrings- og pensjonsordningar
•   Gode velferdsordningar
•   Kontorlokaler sentralt i Oslo 

Kontaktinformasjon
Colin Douglas Fancy
Fungerende avdelingsleder
Tlf 932 47 710

Søknadsfrist: 17.08.2020

Les mer og søk på stillingen


Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim. 


Forsvarsbygg har som målsetting at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke uavhengig av alder, kjønn, religion, seksuell orientering, nedsatt funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Vi ønsker å knytte oss til nye medarbeidarar som kan påvirke bedriftskulturen positivt gjennom den personlege og faglege kompetansen sin. 


«Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.»