Møre og Romsdal fylkeskommune Molde Søknadsfrist: 20.08.2018 mrfylke.no

Arkitektar

Møre og Romsdal fylkeskommune har ledige to 100 % stillingar innanfor to spennande fagfelt

Stilling 1: By- og tettstadutvikling
Vi søker etter ein person i hundre prosent fast stilling som rådgivar innan by- og tettstadutvikling. Stillinga er lagt til regional- og næringsavdelinga. Du vil arbeide med problemstillingar som: Kva bør sentrum innehalde for at byane og tettstadane våre skal bli meir attraktive? Korleis kan vi legge til rette for meir aktivitet slik at folk møtes? Kan vi sikre både folkehelsa og miljøet ved å planlegge for mindre bilbruk? Korleis kan eit moderne sentrum formidle historia til staden?

Oppgåver og ansvar

•    Planlegging, rådgiving og formidling av kunnskap og erfaring i by- og tettstadutviklingsprosjekt.
•    Delta og påverke i prosessar saman med kommunar, konsulentar, lokalt næringsliv, interesseorganisasjonar og andre.
•    Bidra til å koordinere fylkeskommunen og andre aktørar sin utviklingsaktivitet i byar og tettstader.
•    Vurdere og gi tilbakemelding på kommunale planar.
•    Saksbehandling av tilskot til by- og tettstadprosjekt.

Krav til kompetanse
•    Vi søker etter deg som har høgare utdanning innan arkitektur, urban design, stadutvikling eller planlegging.
•    Du må forstå kva det inneber å jobbe i utviklingsprosessar og ønske å bidra aktivt til god by- og tettstadutvikling i Møre og Romsdal.
•    Du bør ha tydeleg munnleg og skriftleg formidlingsevne, kunne jobbe sjølvstendig og ta eigne initiativ
•    Erfaring frå fagområdet og kjennskap til offentleg forvaltning og politikk vil vere ein fordel

Stilling 2: Kulturminneforvaltning
Vi søker også etter ein arkitekt til kulturavdelinga. Stillinga inneber rådgiving, rettleiing og utvikling innan bygningsvern til eigarar og tiltakshavarar, samt ansvar for ivaretaking av kulturminne og kulturmiljø i arealplanar i kommunane i fylket. I tillegg kjem tilskotsforvalting knytt opp mot kulturminne/kulturarv, og oppfølging av regional delplan for kulturminne.

Som følgje av regionreforma, vil det skje ein desentralisering av oppgåver frå staten til fylkeskommunane frå 2020. Kulturavdelinga er forberedt på å ta imot desse oppgåvene, og den som blir tilsett skal vere med å implementere desse i avdelinga.

Oppgåver og ansvar
•    Rådgiving og saksbehandling av innkomne arealplanar og byggesaker vedkomande bygningsvern/kulturminne
•    Gi råd og retningslinjer om vedlikehald, istandsetting og sikring av kulturminne og kulturmiljø
•    Rådgiving og saksbehandling innan bygningsvern/kulturarv knytt til tilskotsforvaltning
•    Rådgi, rettleie og vere pådrivar for utvikling innan kulturarvområde gjennom prosjekt, regional planlegging, arealplanarbeid, kompetanse og nettverksbygging
•    Følge opp regional delplan for kulturminne

Krav til kompetanse
•    Godkjent utdanning som arkitekt eller samanliknbar kompetanse gjennom utdanning og erfaring
•    Dokumentert kunnskap om tradisjonelle byggemetodar og materialar
•    Generell kunnskap om bygningshistorie, bygningsvern og arealplanlegging
•    Det vil bli lagt vekt på tverrfagleg kompetanse og evne til å sjå heilskap og samanheng på tvers av fagfelt
•    Kjennskap og erfaring frå offentlig sektor/offentleg planlegging er ein fordel.
•    Førarkort klasse B.

Fylkeskommunen som arbeidsgivar

Vi tilbyr

•    Eit utviklingsorientert og særs allsidig fagmiljø
•    Faglege utfordringar, med stor fridom i oppgåveløysinga
•    God tilgang til faglege nettverk, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt
•    Ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på utvikling for kvar medarbeidar
•    Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsordningar (medlemskap i KLP)
•    Tiltreding og løn etter avtale
•    Introduksjonsprogram
•    Utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement. Vi brukar nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Opplæring blir gitt.

Mangfald
Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med ønska kompetanse er velkomen til å søke ledig stilling hos oss.

Søknad
Møre og Romsdal fylkeskommune brukar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad. Du finn meir informasjon om stillingane og søknadsskjema på mrfylke.no/jobb

Søkarliste
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25, 2.ledd. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.

Søknadsfrist: 20.08.2018
Arbeidsstad: Molde