Møre og Romsdal fylkeskommune Molde Søknadsfrist: 29.05.2017 Møre og Romsdal fylkeskommune

By- og tettstadutviklar

By- og tettstadutviklar på regional- og næringsavdelinga

100 % fast stilling - 2. gongs utlysing

Kva bør sentrum innehalde for at byane og tettstadane våre skal bli meir attraktive? Korleis kan vi legge til rette for meir aktivitet slik at folk møtes? Kan vi sikre både folkehelsa og miljøet ved å planlegge for mindre bilbruk? Korleis kan eit moderne sentrum formidle historia til staden?

Er du engasjert i slike spørsmål? Har du fagbakgrunn frå arkitektur, planlegging, urban design eller stadutvikling? Møre og Romsdal fylkeskommune er no på jakt etter ein rådgivar, med spisskompetanse innan arkitektur og planlegging, men som også evnar å sjå dei store linjene i samfunns- og næringsutvikling.

Utvikling av attraktive byar og tettstader er eit viktig mål i Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017-2020. Vi skal utvikle regionsentra Ålesund, Molde og Kristiansund gjennom prosjektet "Byen som regional motor", og vi arbeider med kommunesenter i vårt tettstadprogram.

Fylkeskommunen er tett involvert når kommunar driv sentrumsutvikling. Våre medarbeidarar på by- og tettstadutvikling følger prosjekta frå start til slutt. Vi deltek aktivt i prosessane, gir faglege råd om val av løysingar, bidrar til å koordinere ulike interesser og overfører erfaringar mellom prosjekt. Fylkeskommunen har regionale utviklingsmidlar som kan brukast til å delfinansiere tettstadanalyser og kunnskapsgrunnlag, og til å gjennomføre dei fysiske investeringar, i eit spleiselag med kommune og lokalt næringsliv.

Stillinga er lagt til regional- og næringsavdelinga, men fylkeskommunen arbeider med by- og tettstadutvikling frå ulike faglege ståstader. Til saman har vi eit stort og allsidig fagmiljø, og du vil bidra til å samordne fylkeskommunen sin innsats. Fylkeskommunen er også ein viktig koplar mellom kommunen og andre regionale sektormyndigheiter og aktuelle fagmiljø. Stillinga inneber aktiv deltaking i prosessar i felt rundt i heile Møre og Romsdal.

Oppgåver og ansvar
-   Planlegging, rådgiving og formidling av kunnskap og erfaring i by-
    og tettstadutviklingsprosjekt
-   Delta og påvirke i prosessar saman med kommunar, konsulentar, lokalt
    næringsliv, interesseorganisasjonar og andre
-   Bidra til å koordinere fylkeskommunen og andre aktørar sin utviklingsaktivitet
    i byar og tettstader
-   Vurdere og gi tilbakemelding på kommunale planar
-   Saksbehandling av tilskot til by- og tettstadprosjekt

Krav til kompetanse
-   Høgare utdanning innan arkitektur, urban design, stadutvikling eller
    planlegging.
-   Erfaring frå fagområdet er ein fordel
-   Kjennskap til offentleg forvaltning og politikk

Erfaring
-   Forstå kva det inneber å jobbe i utviklingsprosessar, og kunne kombinere
    fagkompetanse med evna til å sjå det store biletet
-   Ønske å bidra aktivt til god by- og tettstadutvikling i Møre og Romsdal
-   Tydeleg munnleg og skriftleg formidlingsevne
-   Må kunne jobbe sjølvstendig og ta eigne initiativ

Vi tilbyr
·   Ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på leiarar og medarbeidarar for vekst
    og utvikling av best mogeleg tenester
·   Introduksjonsprogram
·   Leiarutviklingsprogram
·   Utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø
·   Fleksibel arbeidstid
·   Utvikling for kvar medarbeidar
·   Individuelt tilpassa livsfasetiltak
·   Medlemskap i KLP/SPK (god tenestepensjon og gode forsikringsvilkår )
·   Løn etter avtale

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.

Vi nyttar nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Opplæring blir gitt.



Mangfald
Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med ønska kompetanse er velkomen til å søkje ledig stilling hos oss.

Søknad
Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.

Søkarliste
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25, 2.ledd. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.

Kontakter
Bergljot Landstad
E-post
Mobil 90089213
Arbeid 47 71280213

Eivind Vartdal Ryste
Seksjonsleiar
E-post
Mobil 90992406
Arbeid 47 71280216

Les mer og søk på stillingen