Møre og Romsdal fylkeskommune Molde Søknadsfrist: 07.06.2018 mrfylke.no

By- og tettstadutviklar /​ Rådgivar

Fylkeskommunen søker etter ein person i hundre prosent fast stilling som rådgivar på by- og tettstadutvikling.

Stillinga er lagt til regional- og næringsavdelinga. Avdelinga arbeider med å utvikle attraktive lokalsamfunn, sikre berekraftig vekst, auke verdiskaping og nyetablering og stimulere til innovasjon. Avdelinga har 30 tilsette med høg og variert kompetanse og har eit bruttobudsjett på 150 mill. kroner.

Arbeidsområde by- og tettstadutvikling

Du vil arbeide med problemstillingar som: Kva bør sentrum innehalde for at byane og tettstadane våre skal bli meir attraktive? Korleis kan vi legge til rette for meir aktivitet slik at folk møtes? Kan vi sikre både folkehelsa og miljøet ved å planlegge for mindre bilbruk? Korleis kan eit moderne sentrum formidle historia til staden?

Fylkeskommunen arbeider med by- og tettstadutvikling frå ulike faglege ståstader. Til saman har vi eit stort og allsidig fagmiljø, og du vil bidra til å samordne fylkeskommunen sin innsats. Vi deltek aktivt i prosessar saman med kommunane, næringsliv og interesseorganisasjonar og følger prosjekta frå idé til resultat. Vi gir faglege råd om val av løysingar, bidrar til å koordinere ulike interesser og formidlar kunnskap og erfaring.

Oppgåver og ansvar
-  Planlegging, rådgiving og formidling av kunnskap og erfaring i by- og tettstadutviklingsprosjekt
-  Delta og påvirke i prosessar saman med kommunar, konsulentar, lokalt næringsliv,
   interesseorganisasjonar og andre
-  Bidra til å koordinere fylkeskommunen og andre aktørar sin utviklingsaktivitet i
   byar og tettstader
-  Vurdere og gi tilbakemelding på kommunale planar
-  Saksbehandling av tilskot til by- og tettstadprosjekt

Kven søker vi etter?

-  Vi søker etter deg som har høgare utdanning innan arkitektur, urban design,
   stadutvikling eller planlegging
-  Du må forstå kva det inneber å jobbe i utviklingsprosessar og ønske å bidra aktivt
   til god by- og tettstadutvikling i Møre og Romsdal
-  Du bør ha tydeleg munnleg og skriftleg formidlingsevne og kunne jobbe
   sjølvstendig og ta eigne initiativ
-  Erfaring frå fagområdet og kjennskap til offentleg forvaltning og politikk vil
   vere ein fordel

Vi tilbyr
-  Eit utviklingsorientert og særs allsidig fagmiljø
-  Faglege utfordringar, med stor fridom i oppgåveløysinga
-  God tilgang til faglege nettverk, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt
-  Ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på utvikling for kvar medarbeidar
-  Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsordningar (medlemskap i KLP)
-  Tiltreding og løn etter avtale

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.
Vi nyttar nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Opplæring blir gitt.

Mangfald
Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med ønska kompetanse er velkomen til å søkje ledig stilling hos oss.

Søknad
Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.

Søkarliste
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet, jf. Offentleglova § 25, 2.ledd. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.

Kontakter
Eivind Vartdal Ryste
ass. regional- og næringssjef
E-post
Mobil 909 92 406
Arbeid 71 28 02 16

Les mer og søk på stillingen

Møre og Romsdal fylkeskommune løyser sentrale utviklings- og forvaltningsoppgåver i ein regional organisasjon - i nært samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar.
Vi skal vere ein god tenesteytar for innbyggarane og ein tydeleg medspelar i utviklinga av fylket. Vårt samfunnsoppdrag bygger på verdiane respekt, likeverd, medråderett, fellesskapsansvar og open organisasjon.