Universitetet i Bergen Bergen Søknadsfrist: 30.09.2019 www.uib.no

Instituttleiar ved Institutt for design

Ved Institutt for design ved Fakultet for kunst, musikk og design er er det ledig ei stilling som instituttleiar (100%) frå 01.02.2020.

Tilsetjingsperioden er fire år (åremål), med høve til å søkje forlenging i ein periode. 

Vi ønsker deg velkomen som søkjar til ei spanande og utfordrande leiarstilling.

Arbeidsoppgåver:
Instituttleiar har det overordna ansvaret for instituttets verksemd. Instituttleiar har personalansvar og innstillande mynde ved tilsetjingar.

Instituttleiar sit i fakultetet si leiargruppe (Instituttleiarforum) og rapporterer til dekan.

Instituttleiar legg til rette for bruk av tid til kunstnarleg utviklingsarbeid, utdanning og formidling for dei tilsette. Vidare har instituttleiar ansvar for å utvikle og følge opp mål for kunstnarleg utviklingsarbeid, ph.d.-utdanning, utdanning og formidling, utforme verksemdplanar og sikre rasjonell drift og budsjettbalanse.

Instituttleiar har HMS-ansvar og for å utvikle eit godt arbeidsmiljø, skape trivsel og motivasjon og leggje til rette for fagleg utvikling for den enkelte og for fagmiljøet samla.

Instituttleiar skal sørge for oppdaterte handlingsplanar og system for kvalitetssikring av instituttets verksemd.

Instituttleiar sine viktigaste daglege oppgåver er å:
•   Leie og utvikle verksemda ved instituttet med vekt på høg kvalitet i tråd med strategiane til fakultetet og Universitetet i Bergen
•   Representere og posisjonere institutt og fakultet, og bidra til internt og eksternt samarbeid
•   Bidra til å auke ekstern finansiering
•   Skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø
•   Leggje til rette for gode prosessar baserte på medverknad frå tilsette og studentar
•   Sørgje for at internkontroll og økonomistyring fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar
•   Arbeide for god kjønnsbalanse i stillingane ved instituttet.

Vi søkjer ein instituttleiar som:
•   Har gode leiareigenskapar
•   Normalt har kompetanse som professor i eitt av fagområda ved instituttet eller nærståande fagfelt.
•   Har evne til å arbeide strategisk mot fastsette mål

I tillegg blir det lagt vekt på:
•   Ein motiverande og inkluderande leiarstil
•   Erfaring frå forskings- og utdanningsleiing
•   Perspektiv på kunstnarleg utviklingsarbeid som forskingsdisiplin og perspektiv på høgre skapande kunstutdanning nasjonalt og internasjonalt
•   Gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape tillit internt og eksternt.
•   Gode kunnskapar i eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og engelsk
•   Personlege eigenskapar vert vektlagt. 

Vi tilbyr:
•   Interessante og utviklande leiaroppgåver
•   Eit godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø
•   Løn etter særavtale ved UiB, minimum ltr. 84 (kr. 906.000 pr. år). Stillinga er plassert i kode 1475
•   Støtte til leiarfunksjonen, tilbod om kompetanseutvikling og leiarutvikling.
•   Medlemskap i Statens pensjonskasse
•   Gode velferdsordningar

Om ekstern søkjar - eller intern søkjar i åremålsstilling vert tilsett, vil vedkommande kunne få tilbod om tilsetjing som professor i hans/hennar fagområde etter utløp av åremålet. Det kan vera aktuelt å kompetansevurdere søkjarar som ikkje kan dokumentere professorkompetanse.

Søknaden skal innehalde:
•   Søknad og CV
•   Vitnemål og attestar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Dekan Frode Thorsen på e-post: frode.thorsen@uib.no eller på telefon  47 414 79 223 eller til fakultetsdirektør Synnøve Myhre på e-post synnove.myhre@uib.no eller telefon +47 55 58 44 51/ +47 934 84 614.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her

Les mer og søk på stillingen

Søknadsfrist
30. september 2019