AG Plan og Arkitektur AS Ørsta Søknadsfrist: 15.12.2019 www.agplan.no

Nye medarbeidarar

AG Plan og Arkitektur AS søkjer etter
fleire dyktige medarbeidarar

AG Plan og Arkitektur AS har mange spennande oppdrag, og vi har stabilt stor oppdragsmengde. Vi søkjer difor etter fleire dyktige medarbeidarar for snarleg tilsetting til vårt kontor i Ørsta:

DAGLEG LEIAR 
Stillinga som dagleg leiar er del av ei full stilling. Stillinga kan kombinerast med ein eller fleire av stillingane nemnt under.   

ARKITEKT 
Arbeidet spenner frå idèfase/muligheitsstudie til komplett prosjektering, samt gjennomføring. Du har arkitektfagleg utdanning på masternivå, sivilarkitekt eller annan tilsvarande bakgrunn. 

BYGGINGENIØR 
Prosjektmedarbeidar/prosjektutviklar som jobbar saman med arkitekt. Arbeid med teikningsarbeid (bygg), beskrivelse, søknader samt utarbeiding av nødvendig dokumentasjon i hht PBL. Du har utdanning på master- eller bachelornivå med relevant fagutdanning og erfaringsbakgrunn. Annan relevant utdanning/bakgrunn kan også vere aktuelt.

AREALPLANLEGGAR  
Overordna planarbeid og detaljregulering. Du har utdanning på master- eller bachelornivå med relevant fagutdanning og erfaring. 

VEG- OG VA-PLANLEGGAR
Prosjektering av veg- og VA-anlegg, medverke i arealplanlegging. Du er utdanna sivilingeniør/master eller ingeniør/bachelor innan fagområdet.

For alle stillingane gjeld at du må ha evne til å arbeide sjølvstendig, men også i nært samarbeid med dei andre på kontoret. Du må ha god kunnskap i norsk språk munnleg og skriftleg. Våre hovudteikneprogram er ArchiCAD (arkitekt/bygg) og AutoCAD og Novapoint (arealplanleggar, veg- og VA-planleggar). God kjennskap til desse vil vere ein fordel.

Stillingsområda over kan kombinerast avhengig av kompetanse.

Vi kan tilby utfordrande oppgåver, godt arbeidsmiljø og gode lønsvilkår. Lokala våre er sentralt plassert i Ørsta sentrum med gangavstand til både sunnmørsalpane og kaffibar. 

AG Plan og Arkitektur AS er eit veletablert rådgjevingsfirma på nordvestlandet. Vi arbeider med prosjektering, prosjektutvikling og prosjektleiing innan arkitektur, areal-, samferdsels- og VA-planlegging. Vi har spennande og varierte oppdrag for både private og offentlege oppdragsgivarar. Vi har høge faglege ambisjonar, og ønskjer oss engasjerte og kreative medarbeidarar. 

Skriftleg søknad med CV og utvalde eksempel på eigne arbeid sendast  snarast  og seinast innan 15. desember: firmapost@agplan.no

Ta gjerne kontakt med Kåre 95 13 89 22 eller Anne Kristin 95 76 28 81 om du har spørsmål.