AG Plan og Arkitektur AS Ørsta

Nye medarbeidere

AG Plan og Arkitektur AS har mange spennande oppdrag, og vi har stabilt stor oppdragsmengde. Vi søkjer difor etter fleire dyktige medarbeidarar for snarleg tilsetting til vårt kontor i Ørsta:

•   ARKITEKT: Arbeidet spenner frå idèfase/muligheitsstudie til komplett bygningsprosjektering, samt gjennomføring. Du har arkitektfagleg utdanning på masternivå, sivilarkitekt eller annan tilsvarande bakgrunn.

•   DAK-MEDARBEIDER: Arbeid med teikningsarbeid (bygg), beskrivelse, samt utarbeiding av nødvendig dokumentasjon i hht PBL. Du har utdanning som ingeniør bygg, fagteknikar eller teknisk teiknar. Annan relevant utdanning/bakgrunn er også aktuelt.

•   AREALPLANLEGGAR:  Overordna planarbeid og detaljregulering. Du har utdanning på master- eller bachelornivå med relevant fagutdanning og erfaringsbakgrunn.

•   VEG- OG VA-PLANLEGGAR:
Prosjektering av veg- og VA-anlegg, medverke i arealplanlegging. Du er utdanna sivilingeniør/master eller ingeniør/bachelor innan fagområdet.

For alle stillingane gjeld at du må ha evne til å arbeide sjølvstendig, men også i nært samarbeid med dei andre på kontoret. Du må ha god kunnskap i norsk språk munnleg og skriftleg. Våre hovudteikneprogram er ArchiCAD (arkitekt/bygg) og AutoCAD og Novapoint (arealplanleggar, veg- og VA-planleggar). God kjennskap til desse vil vere ein fordel, men det er ikkje eit krav.

Vi kan tilby utfordrande oppgåver, godt arbeidsmiljø og gode lønsvilkår. Lokala våre er sentralt plassert i Ørsta sentrum med gangavstand til både sunnmørsalpane og kaffibar.

AG Plan og Arkitektur AS
er eit veletablert rådgjevingsfirma på nordvestlandet. Vi arbeider med prosjektering, prosjektutvikling og prosjektleiing innan arkitektur, areal-, samferdsels- og VA-planlegging. Vi har spennande og varierte oppdrag for både private og offentlege oppdragsgivarar. Vi har høge faglege ambisjonar, og ønskjer oss engasjerte og kreative medarbeidarar.

Skriftleg søknad med CV og utvalde eksempel på eigne arbeid sendast så snart som råd til: e-post

Ta gjerne kontakt med Kåre 95 13 89 22 eller Anne Kristin 95 76 28 81 om du har spørsmål.