Førde kommune Førde Sogn & Fjordane Søknadsfrist: 22.08.2018 www.forde.kommune.no

Prosjektleiar

Prosjektleiar - Førdepakken (2. gongs utlysing)

100 % fast stilling som prosjektleiar - Førdepakken vert ledig frå 1. oktober 2018.

Førde kommune sin prosjektleiar i «Førdepakken» går av med pensjon, og vi ønskjer ein person til å ta over denne rolla. Stillinga er ei 100% fast stilling og vil ta til frå 1. oktober 2018.

Om stillinga
Førde kommune er ein vekstkommune, og har ambisjonar om å styrke posisjonen som regionsenter. Ein særleg viktig suksessfaktor er å lukkast med kommunen sitt store prosjekt – «Førdepakken»!

Førdepakken er eit samarbeidsprosjekt mellom Førde kommune, fylkeskommunen og Statens vegvesen og skal bidra til ei god sentrumsutvikling i Førde. Dette skal gjerast ved å etablere veglenker som på sikt vil gi ein meir konsentrert arealbruk og byggje eit betre tilbod til gåande og syklande. Førdepakken er midt i ein planleggings- og gjennomføringsfase. Statens vegvesen v/Førdepakken er byggherre og ansvarleg for både å gjennomføre planlegging, prosjektering og bygging av dei 20 prosjekta i Førdepakken. Det står att viktige og utfordrande reguleringsplanar for tiltak i Førde sentrum. Det er avgjerande å få til både gode prosessar og planar for desse tiltaka. Det vert også lagt vekt på god samhandling mellom Førdepakken og andre større og mindre tiltak i Førde sentrum.
 
Vi søkjer etter ein person som skal følgje opp planprosessane og vere Førde kommune sin koordinator og kontaktledd mot Førdepakken. Når prosjektet «Førdepakken» er gjennomført i 2024, vil prosjektleiaren halde fram i ei planleggarstilling i planavdelinga i nye Sunnfjord kommune.

Kvalifikasjonar
Som søkjer på stillinga må du ha relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet og erfaring innan kommunal planlegging. Erfaring innan prosjektleiing er også eit føremon. Vi ser etter ein person som har evna til å arbeide sjølvstendig, er løysingsorientert og har gode samarbeidsevner.

Vi kan tilby
•   Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver i eit allsidig og fagleg spennande miljø
•   Godt arbeidsmiljø
•   Gode pensjons- og forsikringsordningar
•   Fleksitidsordning
•   Løn etter avtale
 
Informasjon

Om du ønsker meir informasjon, ta kontakt med einingsleiar Odd Harry Strømsli, tlf. 414 76 710 eller prosjektleiar Arve Seger, tlf. 480 22 626.

Søknad
Søk på stillinga med vårt elektroniske søknadsskjema og oppgi saksnr 18/1746.

Søknadsfrist: 22. august 2018.