Aaland Arkitektkontor Stryn, Florø Søknadsfrist: 16.12.2018 www.ivestconsult.no

Sivilarkitekt/​ Sivilingeniør

Aaland Arkitektkontor i Stryn og iVest Consult i Florø
treng fleire sivilarkitektar!

Vår oppdragsmengde aukar og vi ynskjer difor å få tilsett:
•    Erfaren sivilarkitekt som fagansvarleg innan arkitektur
•    Relativt nyutdanna Sivilarkitekt.
 
Aaland Arkitektkontor prosjekterer, modellerer og utarbeider komplette anbodsgrunnlag for både private og offentlege aktørar. Selskapet har i dag 6 tilsette. Aaland Arkitektkontor i Stryn og iVest Consult i Florø er søsterbedrifter og samarbeidar mykje!
 
iVest Consult i Florø treng også fleire medarbeidarar!


Vår oppdragsmengde aukar og vi ynskjer difor å få tilsett:
•    Erfaren sivilarkitekt som avdelingsleiar for Arkitektur
•    Sivilingeniør – Bygg- og anlegg/Konstruksjon
•    Sivilingeniør/Ingeniør – Elektro og automatikk
•    Sivilingeniør/Ingeniør – VVS og energi
 
iVest Consult AS er eit rådgjevande ingeniør og arkitektselskap, som driv med fleirfagleg rådgjeving innan bygningar, anlegg, infrastruktur, arealplan, miljø, energi og vasskraft. iVest Consult er eigd av dei tilsette og er eit selskap med fagleg dyktige menneske i kontinuerleg utvikling. Som tilsett i iVest Consult får du tilbod om medeigarskap.

iVest Consult prosjekterer, modellerer og utarbeider komplette anbodsgrunnlag for både private og offentlege aktørar. Selskapet har i dag 35 tilsette og utgjer eit betydeleg kompetansemiljø i vårt distrikt. Vi har oppdrag langt utover vårt nærområde og deltek i prosjekteringsgrupper på fleire større prosjekt.

Vi held til i Sentrum av Florø, der vi har kontor i nye lokale i 3. og 4. etasje i Horne brygge, Strandgata 15. Vi sitt i eit spanande fagmiljø med reklamebyrå, advokatar, finans, rekneskap, fiskeri og havbruk m.m., og med hamna som nærmaste nabo.
 
For meir informasjon, sjå: www.ivestconsult.no eller framtidsfylket.no

Søknad og CV sendast til post@ivestconsult.no seinast 16.12.2018.
Merk søknad med ”Sivilarkitekt/ fagansvarleg Arkitektur" eller "Sivilarktekt".

Kontaktperson: Jan-Inge Hage, tlf 975 11 472, jih@ivestconsult.no