Møre og Romsdal fylkeskommune Molde Søknadsfrist: 27.01.2020 mrfylke.no

Tettstadutviklar

Vi søker etter arkitekt/rådgivar
til regional- og næringsavdelinga

Kva bør sentrum innehalde for at byane og tettstadane våre skal bli meir attraktive og berekraftige? Korleis kan vi legge til rette for meir aktivitet slik at folk møtes? Korleis kan utvikling av gode stader bidra til samfunnsutviklinga? Har du fagbakgrunn frå arkitektur, planlegging, urban design eller stadutvikling? Møre og Romsdal fylkeskommune er no på jakt etter ein rådgivar i 100 prosent, fast stilling, med spisskompetanse innan arkitektur og planlegging, men som også evnar å sjå dei store linjene i samfunns- og næringsutvikling.

Som tettstadutviklar vil du vere tett involvert i kommunane sine lokale stadutviklingsprosjekt frå idè til resultat. Vi deltek aktivt i prosessane, gir faglege råd om val av løysingar, bidrar til å koordinere ulike interesser og overfører erfaringar mellom prosjekt. Fylkeskommunen har regionale utviklingsmidlar som kan brukast til å delfinansiere tettstadanalyser og kunnskapsgrunnlag, og til å gjennomføre dei fysiske investeringar, i eit spleiselag med kommune og lokalt næringsliv.

Fylkeskommunen har eit allsidig fagmiljø, og arbeider med tettstadutvikling frå ulike faglege ståstader. Du vil bidra til å samordne fylkeskommunen sin innsats, og vere ein koplar mellom kommunen, regionale sektormyndigheiter og aktuelle fagmiljø. Stillinga har kontorstad i Molde, men inneber aktiv deltaking i prosessar rundt i heile Møre og Romsdal.

Du får jobbe med
•   planlegging, rådgiving og formidling av kunnskap og erfaring om tettstadutvikling
•   aktiv deltaking i prosjektarbeid, saman med kommunar, konsulentar, lokalt næringsliv og andre interesserte 
•   koordinering av fylkeskommunen og andre aktørar sin utviklingsaktivitet i tettstadane
•   tilbakemelding på kommunale planer
•   saksbehandling av tilskot til by- og tettstadprosjekt
•   politiske saker innanfor fagområdet

For å jobbe hos oss må du
•   ha master i arkitektur, urban design, stadutvikling, planlegging,samfunnsgeografi eller andre relevante fagområde 
•   gjerne ha erfaring frå fagområdet
•   forstå kva det inneber å jobbe i utviklingsprosessar, og kunne kombinere fagleg spisskompetanse med heilskaplege løysingar 
•   ha gode evner i munnleg og skriftleg formidling

Hos oss får du
•   jobbe i eit utviklingsorientert og særs allsidig fagmiljø
•   gode moglegheiter til fagleg utvikling og tilgang til faglege nettverk 
•   fleksitid 
•   offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
•   løn etter avtale

Om arbeidsplassen
Regional- og næringsavdelinga arbeider med å utvikle berekraftig verdiskaping, nyetableringar, forsking og utvikling, og attraktive lokalsamfunn i heile Møre og Romsdal. Avdelinga har tverrfagleg kompetanse, og forvaltar kvart år om lag 150 mill. kroner utviklingstiltak. I løpet av 2020 vil det bli gjennomført ein organisasjonsendringsprosess i Møre og Romsdal fylkeskommune som m.a. fører til endringar i den administrative organiseringa av regional- og næringsavdelinga.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss. 
Søkarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette. Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk, og du vil få opplæring om du treng det.

Kontaktperson
Eivind Vartdal Ryste
Ass. regional- og næringssjef
E-post: eivind.vartdal.ryste@mrfylke.no
Mobil: 909 92 406
Arbeid: +47 71 28 02 16

Søknadsfrist: 27.01.20

Les mer og søk på stilling

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, vegar og kollektivtransport, tannhelsetenester, samfunns- og næringsutvikling. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.