Nyheter

Betongtavlen 2012 til Trollstigplatået

Reiulf Ramstad Arkitekter AS og landskapsarkitekt Bjarne Aasen fekk heider for platåbygget til Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen.


Trollstigplatået styrkar naturopplevinga, meiner juryen bak tildelinga av Betongtavlen. Foto: Reiulf Ramstad Arkitekter AS

Norsk Betongforening og Norske arkitekters landsforbund står for utdelingane av Betongtavlen, ei påskjønning til byggverk der betong er brukt på framifrå vis miljømessig, estetisk og teknisk. Prisoverrekkinga skjer 24. oktober.

 

Betong imot stål og glas

I anlegget for Trollstigplatået er betongen brukt i vellukka kontrast og harmoni med to andre material, cortenstål og glas. Samvirket mellom materiala er vel tenkt gjennom, ned i minste detalj, uttalar prisjuryen. Overflatene av betong har fått ei variert og kunnig handsaming slik at heile spennvidda av moglege overflateuttrykk kjem fram.

 

Prosjektet inkluderer kafé og gåveforretningar, parkeringsplassar, toalett, turstiar og utsiktspunkt attåt kraftige flomvollar. Anlegget er godt organisert og inviterer vitjarane til ikkje berre å stoppe opp, men å bli verande og utforske staden.

 

Kraftfull arkitektur

Prosjektet styrkar naturopplevinga, held juryen fram. «De rene, skarpskårne betongvolumene har en kraft som spiller opp mot de mektige, omkringliggende fjellformasjonene.»

 

Landskapet har endra seg, også ved at elveløpet er nytt. Det har fått «en spennende, ny bevegelse gjennom anlegget med en serie av terrasserte vannspeil med gjennomtenkt adkomst for den som vil ha et forfriskende bad».