Nyheter

Byggjande arkitektar

Det danske arkitektfirmaet Eentileen (1:1) byd på skreddarsydd hus, levert som byggjeklossar gjort av finsk kryssfiner.


Fredrik Agdrup er en av arkitektene i arkitektfirmaet Eentileen. Foto: Jyllands-Posten

Arkitektane Frederik Agdrup og Nicholas Bjørndal vil arbeide med både «ånden og hånden», skriv journalist Tine Tholander på nettstaden til Jyllands-Posten, jp.dk.

 

Der blir satsinga til dei to unge arkitektane presentert i både tekst og videosnutt.

 

Utan mellomledd

Videoen syner bygginga av prototypen i Asserbo på Nordsjælland, som alt er selt og så godt som ferdig.

 

– Når arkitektane tek over tilskjeringa av material til huset, slepp byggherren eit fordyrande ledd, men òg misforståingar, seier dei to til Jyllands-Posten.

 

– Vi teiknar først ei retteleg komplisert og mykje nøyaktig 3D-teikning saman med byggherren. Så bryt vi huset ned i byggjeklossar, trykkjer på «print» og sender fila til skrivaren, ei CNC-maskin i kjellaren, som skjer til elementa.

 

Med datamaskin og skruar

CNC står for «Computer Numerical Control», og CNC-maskinar er automatiserte fresemaskinar som arbeider etter spesifiserte instruksjonar.

 

Huset i Asserbo er lagd av 800 plater kryssfiner, samla til rundt 400 byggelement. Monteringa er for det meste gjort med drill og gummihammar, og ei mengde skruar, og prisen på huset er 1,8 millionar danske kroner, ifølgje artikkelen.

 

Sjå, les og høyr på jp.dk. Les mer om arkitektene på eentileen.dk