Nyheter

- For mykje synsing i høgdedebatten

Tettleik- og høgdedebatten er basert på utdatert modernismekritikk, meiner arkitekt Mirza Mujezinovic, som har forska på storskalaarkitektur.  


Arkitekt Mirza Mujezinovic leverte nyleg doktogradsavhandling om storskalaarkitekur. Han har sjølv erfaring med storskala, med prosjektet Malahof som for tida er under oppføring i Wien. Illustrasjon: MALARCHITECTURE

Mirza Mujezinovic

Utdanna arkitekt frå NTNU, oppvaksen i Banja Luka i Bosnia-Hercegovina. Disputerte nyleg med doktorgraden «The Architecture of the Urban Project» ved AHO, med Karl Otto Ellefsen og Jonny Aspen som vegleiarar. Avhandlinga undersøkjer storskalaarkitektur i norsk byutvikling mellom 1960 og 1980, i modernismekritikarane si storheitstid. Mujezinovic har sjølv erfaring med storskalaarkitektur i Wien med eit større bustadkompleks han vann Europan 8 med, og som for tida er under oppføring. Mujezinovic driv eigen praksis, Oslo-baserte MALARCHITECTURE. 

Kritikken av modernistisk byplanlegging har tamt storskalaarkitekturen. Modernistane si manglande forståing for byen sin kompleksitet er ikkje lenger dominerande, og dagens arkitektar har den naudsynte forståinga. Det seier arkitekt Mirza Mujezinovic, som nyleg disputerte ved AHO. Doktorgraden «The Architecture of the Urban Project» diskuterer storskalaarkitektur. Det definerer Mujezinovic som byarkitektur som påverkar omgjevnadene utover den enkelståande bygningen.

 

Dei rette spørsmåla

Kritikarar av modernismen, som Jane Jacobs og Jan Gehl, har påverka vår haldning til storskalaarkitektur, meiner Mujezinovic.

– Har me sett oss blinde på Jacobs og Gehl?

 Kritikken frå Jacobs og Gehl var berettiga i si tid. Dei er viktige, men har blitt altfor viktige. Problemet oppstår når kritikken blir ein ideologi. Då forenklar ein kraftig kva byen faktisk kan bli.

Når spørsmålet blir i kvar grad førsteetasjane i Barcode fungerer, mistar ein den meir overordna diskusjonen om kva som eigentleg kan gjerast og kva funksjonar det skal ha, seier Mujezinovic.

Modernistane mangla forståing for kontekst. Men den forståinga har me hatt sidan byrjinga av 1980-talet, fastheld Mujezinovic. Aker brygge, utbygt frå 1985, er ifølgje Mujezinovic eit interessant døme der byen både er inspirasjon for prosjektet og der arkitekturen fysisk knyter seg til staden.

Dei siste 20-30 åra har arkitekturdebatten vore todimensjonal og dreidd seg mykje om sosiologi, eigedomsutvikling og andre tema, meiner Mujezinovic.

 Eg seier ikkje at det ikkje er viktig, men stiller spørsmål ved kva slags arkitektur som blir laga i byen, og korleis arkitekturen og byen påverkar kvarandre.

 

Bort frå kvartalstrukturen

I diskusjonen om tettleik og høgder projiserer me dei indre, tydelege bileta våre om kva som er bymessig, meiner Mujezinovic. Ein må bort frå byen som berre ein rein kvartalstruktur, påpeikar Mujezinovic. Høgd og tettleik i by må diskuterast på ein annan måte. Han trekk fram Barcode som godt døme på korleis ein både kan utvikla byen med ei løysing som ikkje er kvartal, og samstundes utvikla diskusjonane om siktlinjer og landskap.

St. Olavs hospital i Trondheim er den late motsatsen. Fordi St. Olavs skulle vera eit bysjukehus, enda det med ein kvartalstruktur.

 

Synsing dominerer debatten

 Er me for skeptiske til høgder i Noreg?

– Ja. Norsk kontekst er ekstra følsame på alle avvik frå eksisterande kontekst. Alt som er litt større, er me skeptiske og mistenksame til. Me etterspør uterom og bustadkvalitet, men unngår debatten om kva som faktisk kan skje i byen. Debatten i Noreg er i høg grad tufta på synsing og sosiale media, seier Mujezinovic.

Debatten må baserast på kvantitative data og kvalitative studiar, fastheld Mujezinovic. Han ser til utlandet for ein skikkeleg diskusjon om kva som er god byutvikling for framtida.

 I mange andre byar er byutvikling med høgare tettleik basert på kunnskapsbasert forståing, der arkitektane diskuterer konkrete tal og tilnærmingar. Debatten er basert på forståing for økonomi, kor tett det faktisk er muleg å byggja, korleis ein set saman element og kva måtar det går an å bu på. Måten ein diskuterer byen og formulerer byprosjektet på, har mykje å seia for byutvikling. Dersom ein behandlar det høge og tette på rett måte, kan resultatet bli bra, fastheld Mujezinovic.

 

Storskalaarkitekturen i regionen

– Kva rolle kan storskalaarkitektur få i utvikling av dei største norske byane?

 Den kan komma til nytte i sjølve byregionen. Urbaniseringa av indre by er stort sett ferdig, det er ikkje så mange større tomter igjen. Større transformasjonsprosjekt som Nydalen og Skøyen i Oslo, og Nedre Elvehavn i Trondheim, er allereie utvikla. I tillegg har me fått ein meir kompleks eigarstruktur og medverkingsprosessar.

Mujezinovic meiner at det i ein by som til dømes Oslo ikkje er naudsynt å gjera noko med eksisterande bygg, utanom det som skjer i langs sjøfronten. Storskalaarkitektur kan utvida byen. Mujezinovic forklarer:

 Når staten investerer i infrastruktur, blir heilt andre område tilgjengelege. Då kjøper utviklarar felt på Jessheim eller i Oppegård og byrjar å utvikla prosjekt. I mange tilfelle blir resultatet ikkje så bra. Arkitektar som teiknar for desse utviklarane er framleis på 1980-talet. Dei teiknar prosjekt utan  forståing for kva den suburbane urbaniteten er. Der kan god storskalaarkitektur kan komma til nytte.