Nyheter

Grønt lys for Torvet

Torvet i Trondheim kan realiserast etter mange års politisk behandling. 


Med alle hindringar rydda av vegen kan Torvet endeleg oppgraderast, med byggestart til hausten. Illustrasjon: Agraff/Visualis

Oppgradering av Torvet

2001: Bystyret vedtar å stenga Torvet for all biltrafikk.                

2004: Arkitektkonkurransen blir utlyst for første gong. Den endar med ein delt andreplass til to av forslaga. Arkitekt Lenaa Marjamaa står bak det eine forslaget.

2005: Marjamaa vinn oppdragskonkurransen.

2007: Marjamaa utviklar forprosjekt.

2008: Eit forprosjekt blir behandla i bystyret, som ikkje innvilgar pengar frå Trondheim kommune, men legg opp til privat finansiering.

2009: Bystyrereprentant Guri Melby (V) etterlyser handling.

2010: Designforslaget skal bearbeidast på nytt. Kommunen gir Marjamaa beskjed om at det hastar å komma vidare med prosjekteringa.

2011: Kommunen meiner at premissa for konkurransen utlyst sju år tidlegare, har endra seg. Marjamaa sitt designforslag blir forkasta. Forretningsmann Odd Reitan, eigedomsutviklar Ivar Kotengog Gehl Architects blir involverte. Gehl anbefalar at kommunen tar sjølv ansvaret for utforminga.

2012: Kommunen arbeider med medverkingsprosessar og designkonkurranse for bymøblar og scene.

2013: Planen blir vedtatt 31. januar.

2014: Riksantikvaren krev omfattande arkeologiske utgravningar, noko som aktualiserer spørsmål om eit underjordisk parkeringshus.

2015: Arkeologiske utgravningar. Nytt forprosjekt, utforma av Agraff, blir vedtatt.

2016: Arkeologiske utgravningar. På tampen av året blir det klart at formannskapet skrinlegg underjordisk parkeringshus og løyver finansiering.

 

Kjelde: Torvetitrondheim.no og Arkitektnytt

15 års planlegging kan vera over etter at formannskapet i Trondheim nyleg skrinla forslaget om eit underjordisk parkeringshus under Torvet. Dei folkevalte løyva samstundes pengar til bygging fram til 2020, med sannsynleg oppstart til hausten. Kommunen er allereie i gang med detaljprosjektering av Torvet, som er teikna av Agraff.

 

Enklare premiss

Sidan bystyret i Trondheim vedtok å stenga Torvet for biltrafikk, har vegen mot oppgradering vore lang. I 2011 hausta kommunen kritikk for å ha forkasta det opprinnelege designforslaget til arkitekt Lenaa Marjamaa, som hadde arbeidd med Torvet sidan arkitektkonkurransen utlyst i 2004. Behandlinga av parkeringssaka er førebels siste hinder på vegen mot realisering. Prosjektleiar for Torvet , Yngvar Gladsø i Trondheim kommune, seier at den politiske leiinga ikkje fann gode argument for å etablera eit underjordisk parkeringshus. Grunnen er prisen, trafikkavvikling og omsynet til arkitektur og bymiljø. Riksantikvaren og fylkeskommunen varsla om estetiske problem med etablering av rampar og negativ påverking på kollektivtrafikken. Dessutan:

–  Det var god politisk vilje til å få ferdigstilla Torvet nå etter mange års planlegging. Eit underjordisk parkeringshus  ville betydd nokre års utsetjing. Nå er premissa på plass, seier Gladsø.

 

Lang prosess

– Korleis vil du skildra prosessen med å oppgradera Torvet?

– Slike betydningsfulle prosjekt skal yta motstand. Dei skal ikkje vera lette å gjennomføra.

– Kvifor det?

– Mange kjem på banen, noko som fører til mange viktige vurderingar og avveiningar. Då blir det ein grundig prosess. Men det har tatt lang tid. Dersom ein skal analysera prosessen i ettertid, kunne det nok ha blitt gjort raskare og enklare. Frå forprosjektet blei vedtatt 2012, har det vore ein grei prosess. Me brukte noko lenger tid med forslaget om parkeringshus, men nå er det avklart.

– Trur du dette blir noko av?

– Ja, nå har det blitt gitt klarsignal om å kjøre på.

 

Arkeologiske utgravningar

Riksantikvaren sine krav om omfattande arkeologiske utgravningar aktualiserte forslaget til parkeringskjellar under Torvet. Delar av Trondheim by er nemleg freda. Tidlegare blei det klart at utbygging krev eit betongdekke som toler intens bruk over tid. Riksantikvaren krev full arkeologisk utgravning for heile torget sjølv med tynne konstruksjonar. Då nytta private aktørar høvet til å stilla spørsmålet om det ikkje skulle etablerast eit underjordisk parkeringshus i same slengen.