Nyheter

Kristin Jarmund æresmedlem i AIA

Sivilarkitekt Kristin Jarmund er utnemd til «Honorary Fellow», eller æresmedlem, i The American Institute of Architects (AIA) for framståande bidrag til arkitektprofesjonen og samfunnet.


Kristin Jarmund er ein av seks nye ikkje-amerikanske æresmedlemmar i det amerikanske arkitektforbundet. Foto: Kristin Jarmund Arkitekter

Amerikanske AIA organiserer meir enn 80 000 arkitektar, og mange av desse har æresmedlemskap, men Kristin Jarmund blir løfta fram i den meir eksklusive gruppa av æresmedlemmar som er for arkitektar som ikkje er USA-borgarar, og ikkje er busett i landet. Nordmenn som før har vorte æra med dette, er Sverre Fehn i 1986 og Kjell Lund og Nils Slaatto i 1996, ifølgje ei pressemelding frå NAL.

 

Juryen kåra dette året seks nye internasjonale æresmedlemmar – Angelo Bucci (Brasil), Louise Cox (Frankrike), Marcio Kogan (Brasil), Kengo Kuma (Japan) og Carme Pinós (Spania) i lag med norske Kristin Jarmund.

 

Til grunn for nominasjonen av den norske arkitekten låg mellom anna hennar rolle som frontfigur i framveksten av  den nye generasjonen av særs talentfulle norske arkitektar frå midten av 1980-talet, og at ho er unik i skandinavisk samanheng, opplyser NAL i meldinga. Ho har designa bygningar med godt fungerande løysingar, i gode material, som syner framifrå detaljering, handverksmessig utføring og uttrykksfylde.

 

Kristin Jarmund, som tok diplomen sin ved NTH i 1979 og starta Kristin Jarmund Arkitekter AS i 1985, har tidlegare fått høge prisar som Houens Fonds Diplom og Statens byggeskikkpris, og no kan ho juble på nytt.

 

– Veldig hyggelig! kommenterer Jarmund til Arkitektnytt, som gler seg over heidringa og dreg sterkt fram kontoret. – Utan det var det ikkje blitt til noko.

 

Om æresmedlemskapen vil få konsekvensar for karrieren?

 

– Det har eg ikkje rokke å tenkje på, men det kan jo vere at eg treng nye visittkort, svarar Jarmund leande.

 

Les meir om dei seks æresmedlemmane på heimesida til AIA.