Nyheter

Narud Stokke Wiig vann ny flyhavn

Narud Stokke Wiig Arkitekter og Planleggere AS sigra i den avgrensa konkurransen for utviding av terminalbygget på Flesland i Bergen. Bjørbekk & Lindheim AS var rådgjevarar på landskapsarkitektur.


Stasjonen til bybana er plassert i kjellaren til det nye terminalbygget.

Terminalbygget på Bergen lufthavn er dimensjonert for 2,8 millionar reisande i året. I fjor var talet fem millionar. Dette skaper sterke utfordringar. Avinor Bergen har no arrangert plan- og designkonkurranse for utviding av terminalen. 31 kontor stilte til prekvalifisering, og fem fekk invitasjon: Narud Stokke Wiig Arkitekter og Planleggere AS og Niels Torp AS frå Noreg, HOK International og Pascall + Watson frå England, og JSK Dipl.Ing. Architekten frå Tyskland.

Kontora leverte utkasta sine, og juryen kom fram til at «Vingespenn» av Narud Stokke Wiig var «i særstilling best». Framlegget syner eit nytt sentralbygg, lagt sørøst for dagens terminal, med ein tilknytta pir, utforma for modular vekst. Den gamle terminalen er kopla til den nye med ein smal passasje. «Vingespenn» flyg høgt på den overordna forståinga av situasjonen med omhu for fleksibilitet og logistikk i framtidsretta løysingar, melder juryen.

Stoppestaden til den nye bybana er plassert i kjellaren til det nye terminalbygget. Dette gir lett tilgang. Det er òg ein fordel ved framlegget at ein kan halde drifta ved lag på flyplassen i byggjeperioden mest utan problem. Med utvidinga kan Bergen lufthavn frakte sju millionar passasjerar i året, med femten millionar som ultimat kapasitet, har arkitektkontoret rekna ut.

Juryen har tru på at anlegget vil bli leseleg, og at flyhavna vil gi gode opplevingar til den reisande. «Forslaget har det tydeligste arkitektoniske og funksjonelle konseptet med en klar formalt henvendelse både mot landsiden og flysiden,» heiter det. Snittet har ein «spenstig profil». Juryen meiner at «Vingespenn» har potensial for eit «sterkt arkitektonisk uttrykk».

Likevel er framlegget enno for lite konkret på berekraftmål, innvender juryen. Ein finn ikkje tal for det spesifikke energiforbruket. Kva med til dømes vatnbåren varme og varmeattvinning? Juryen saknar høgare ambisjonar. «Energi- og miljøriktige løsninger må i det videre arbeidet styrkes betydelig for at de ønskede miljømål skal oppnås,» heiter det i resymeet til slutt.

Medarbeidarane til Narud Stokke Wiig var arkitektane Gudmund Stokke, Geoffrey Clark, Christian Henriksen, Roald Sand, Maria Riddervold og Ingrid Motzfeldt, alle MNAL, Eskild Andersen, Bjørn Olav Susæg og Paola Bornaschella og DAK-medarbeidar John Philip Clark. Dei rådgjevande landskapsarkitektane i Bjørbekk & Lindheim AS var MNLA Jostein Bjørbekk og MNLA Rune Vik. Cowi AS var rådgjevar på geoteknikk, og energi og miljø, Aas Jakobsen AS på byggeteknikk og Portland Design Associates Ltd. på kommersielt konsept.

Juryleiar var lufthavnsjef i Bergen, Dag Jarle Aksnes. Elles var det fire arkitektar mellom dei andre ni i juryen: NAL-oppnemde Andreas Grieg og Merete Hoff, SAS-direktør MNAL Ove Myrold og OSL-avdelingssjef MNAL John Røislien.

Framlegg til masterplan for utvidinga av Bergen lufthavn frå Narud Stokke Wiig AS. Det nye terminalbygget med den tilknytta piren dominerer, medan den gamle terminalen ligg som ein satellitt, som utlandspir.
Framlegg til masterplan for utvidinga av Bergen lufthavn frå Narud Stokke Wiig AS. Det nye terminalbygget med den tilknytta piren dominerer, medan den gamle terminalen ligg som ein satellitt, som utlandspir.