Nyheter
OF-ingress OH08

Open Form, i historia og i dag

BAS held sitt oskar hansen – symposium nr.8. Det gjeld ideologien til BAS, det gjeld demokratisk arkitektur, det gjeld form for fleirtalet. Det gjeld open form som formingsmåte.



Me skriv 49 år etter Otterlo, 40 år etter Kaupanger, 22 etter oppstartinga av BAS, i året BAF, den lokal arkitektforeininga, feirar 100 år. 

Vestlandet har ei sterk og stolt bygningshistorie, der Open Form var velutvikla før og embetsgardane lukka dei frie bygningskroppane i importert og velkjent palasskonsept.

I Bergen si stolte, og sjølvstendige nåtidshistoria kom ein friare arkitektur seint. Me må sjå til etterkrigsmodernistane i Oslo, Knutsen, Korsmo og Fehn, med PAGON, før 1959, før me fekk Open Form i Bergen  etter 1970, då Open form kom i skulane Loddefjord og Tveiterås og hotellet Brekkestranda. Oslo viser ein ny bolk frå Politihuset, bygningar av Lund & Slåtto til siste Opne Form i Operaen i Bjørvika.

BAS held sitt årlege symposium, under namnet til arkitekten og biletkunstnaren Oskar Hansen, ein av dei som i på den internasjonale kongressen i 1959 gav arkitekturen ny retning, kalla ”Open Form”. Det var den offisielle manifestasjonen av ei utvikling i friare arkitektur etter krigen, også i Noreg.

Ei ny internasjonal kjensle av fridom frå krig og despotar hadde fått uttrykk også i arkitekturen. Arkitekturen frigjorde seg frå palasskonseptet og lukka avslutta objekt. Her i landet var altså dei beste arkitektane med på dette. Og Korsmo, vår største modernist, deltok på kongressen ”Open Form” i 1959. Vår arkitekturhistorie etter krigen hadde allereie vist den frie alternative arkitekturen gjennom våre beste arkitektar, slik det er fyldig dekka av Christian Nordberg-Schulz.

Den borgarlege og sosialistiske modernismen frå og med industrialismen hadde fått eit vendepunkt og eit nytt siktemål.

Tradisjonen styrer, men med dei  gode arkitektane utmerkar seg med det nyskapande, og varslar den nye tida.  Tida får nye uttrykk før samfunnet har funne sine nye utviklingssteg. Samfunnsform og kulturuttrykket i vår kulturkrins har i dei siste par tusen år vore maktformer og maktuttrykk. Frå 1700-talet vart det snunad på dette, etter kvart. Me kan spora frigjering og friare former, men dei gamle maktuttrykka held seg, særleg i det konkret bygde som ikkje vart rive ned. Midt i dette føddest nye uttrykk for nye siktemål. Dei nye grupperingane i folket fekk sine kulturuttrykk og sine vedkjenningar formulerte av kunstnarane. For arkitekturen, i alle steg, var det biletkunsten og så litt etter litt arkitektane som viste den nye tanken. Her snakkar me om den opne, og opnande.

Ikkje berre i Europa, men i det keisarlege Japan fekk det nye, frie, borgarskapet sitt uttrykk på 1800-talet. Ein ny stil, eit nytt, ope konsept, laga den historisk siste av 4 hovudbolkar, Sukiya. Byborgarane fekk høgverdig arkitektur på bustad, marknadsplassar og serveringsstadar, ikkje som til då berre keisarpalassa. Borgarane byggjer  offentleg Open Form. Til og med keisaren bygde sitt palass som Open Form i denne bolken, sjå Katsura Rikyu keisarvilla i Kyoto.

Me snakkar om eit synleg varsel verda over, varsel om eit opnare  samfunn og friare uttrykk.

I Noreg, som i heile Europa, kom den borgarlege arkitekturen samstundes. Men dei opne formene kom seinare, etter  2.verdskrigen. Knut Knutsen sine frie planar og addisjonsformer som viser dei nye formkvalitetane. Ambassaden i Stockholm (ferdig 1952) har til dels eit plankonsept og uttrykk frå Katsura-vilaen (men ved sida av ein inngangsparti som eit gamaldags slott) Den frie, opne forma hadde han alt vist i Heradshus til Vågå, og i sommarhuset i Portør.

Eit anna varsel om open form fekk me og hjå Arne Korsmo, i geometrisk leik i aksesystem xyz, i Planetveien, saman med Chr.Nordberg-Schulz (1953-55).

Varsla var fleira.

Fehn sin norske paviljong bygd på til Expo 1958, verdsutstillinga i Brüssel. Som elev  av Arne Korsmo og medlem av gruppa PAGON var Fehn innført i ein poetisk modernisme. Dei viser eit illustrerande fint døme i bustadgrenda Arnebråten, Oslo (1955), lineære opne former i eit bølgjeforma landskap med skog og bekk, diverre ikkje realisert.

Derimot i eit anna land, men samstundes,  vart eit poetisk skulpturelt forma bustadgrend realisert, Rakowiec, like ved flyplassen i Warszawa. Det var fyrste prosjektet til Oskar (norsk avstamming) og Zofia Hansen (1956).  

Så, i 1959,
på den internasjonal arkitektkongressen  CIAM, vart den nye overskrifta for arkitekturen formulert: Open Form, for å rå med ”det store talet”. Det samfunnspolitiske styringsprinsippet ”demokrati” vart innført i arkitekturen som byggekonsept og formidlingsuttrykk.


OSKAR HANSEN SYMPOSIET 2008 HAR EIT DOBBELT EMNE:
OPEN FORM OG BÆREKRAFT,
OG DET NYE ETTERUTDANINGSKURSET VED BAS.

SAK:  å laga skule.
Arbeidet til arkitekten står ein global samanheng. Dei globale oppgåvene er altomfattande, og stoda er svært alvorleg. Urbaniseringa i industrilanda har gått føre seg i 100 år. No kjem utviklingslanda på full fart etter. Det har skapt heilt nye problemstillingar, særleg for dei mest folkerike nasjonane i Sør-Aust Asia. Slik set India og Kina dagsorden for bybygging i den store målestokken. Utviklinga i industrilanda har og kome over ein ny og problemfylt fase. Resultatet av 100-200 års industrialisering og teknologisering har vorte så omfattande at det har påverka det globale klimaet på ein faretrugande måte. Utviklingslanda brukar utviklingsmodellane frå industrilanda som tyder at både dei positive og negative fylgjene vert globalt større. Energibruk, forureining og global oppvarming er mellom dei  mest faretrugande fylgjene. Med energibruken som målestav står byggeindustrien og byggdrift for halvparten av forbruket.
 

Dette er  arkitekten sitt fagområde og arkitekten sitt medansvar. Som arkitekthøgskule er BAS medansvarleg for utdaning av dei nye arkitektane, som skal løysa desse problema. Dei praktiserande så vel som dei teoretiserande arkitektane har ikkje til no makta motverka fylgjene, same kor visjonære. Dei har heller ikkje gjort framlegg til nye konsept. Det einaste i dag, som me kjenner til i praktisk målestokk, er teknologisk effektivisering. Dette trass i at arkitektane frå modernismen og oppover har stått for idealisme og sosialisme, og dei fleste arkitektskulane for økonomi, sanning og økologisk tenking (slik eg kjenner dei), men først og sist for teknologi. Fagstudiet  har vore meir korleis  laga og konstruera bygg og by, enn det skapande i å formulera dei kritisk nye og ukjente problemstillingane. Forsking og visjonære konsekvensar har det praktisk tala berre vore kunstnarar som har hatt samvit og interesse for.  

Det er byggeindustrien for har styrt arkitektane sin medverknad. Det er denne vedkjenninga som må leggjast til grunn dersom BAS som arkitekthøgskule, og me som utøvande arkitektar, skal finna ein ny retning og ein ny veg or uføret. Vår måte å løysa problema på skal vera ”holdbare”, for å seia det med eit allment kjent og vedteke stikkord. På BAS er det gjort til eit spesifikt vedtak.

Ein arkitekthøgskule er den rette staden for å søkja ei ny retning for arkitektpraksis. Lærarane og studentane må gå saman om dette målet. Det er den personleg, menneskelege innsatsen, ansvaret og drivkrafta som er nøkkelen i alt nyformande arbeid. Maskinar og teknologiar kan ikkje, og må ikkje, styra og stå for dette arbeidet. Arkitektarbeidet er skapande gjennom sine oppgåver, og er det næraste til å vera nyskapande.  

BAS sin ideologi byggjer på den første vedkjenninga i dette komplekset:  problemstillinga er ”det  store talet”,  arkitektur gjeld alle og kvar einskild. Open Form tyder  ein ny arkitektur, som kan rå med det store talet. Det er kvar arkitekt si oppgåve. Leiestjerna i undervisinga er:  setja lit til studenten og den nye arkitekten. Det er mennesket, den personleg ansvarlege arkitekten det gjeld. Me må setja lit til ho og han, i all vår utøvande lærargjerning og arkitektpraksis.
Open Form kan rå med Det Store Talet.