Nyheter
PRESSEMELDING:

Sju nominerte til Statens Byggeskikkpris 2009

Mange gode forslag har komme inn til juryen for Statens byggeskikkpris. Sju er nominert som kandidatar til Statens byggeskikkpris 2009. Juryen reiser på befaring i veke 19.


Løvåshagen borettslag i Bergen, tegnet av ABO Plan & Arkitektur AS, er et av de nominerte prosjektene til Statens Byggeskikkpris 2009. Foto: NAL Ecobox

OM PRISEN

”Statens byggeskikkpris er ein heiderspris for bygninga, som gjennom utførelse, materialbruk og samspel med stad og miljø bidreg til å heve, fornye og utvikle den allmenne byggeskikken. Kandidatar til prisen skal ha god arkitektonisk utforming og skal oppfylle sentrale krav innanfor miljø og universell utforming. Alle nemde kriterium må være imøtekomne i prosjekt som blir vurdert til prisen.” (Utdrag frå statuttane).

Kommunal og regionaldepartementet oppnevnar kvart fjerde år ein uavhengig jury som kårar vinnaren. Prisen på 200 000 kroner er ein av dei viktigaste og gjevaste prisane innanfor norsk arkitektur og byggebransjen. Husbanken region Hammerfest er sekreteriat for juryen.

I 2008 vann Den Norske Opera & Ballett i Bjørvika i Oslo prisen. Tidlegare vinnarar er blant anna Pilestredet park i Oslo, Røråstoppen barneskule i Re kommune, Sametingsbygget i Karasjok og Møllebyen i Moss.

 

Dei nye statuttane har ført til strengare krav både i forhold til universell utforming og miljø og energi.

Bakgrunnen er ønskje om å stimulere bygge- og eigedomsnæringa til å føre opp bygg med lavt energibehov, miljøvennleg materiale og ei utforming som gjer det mogeleg for alle å bruke bygget.

Befaring
Juryen reiser rundt på befaring 4. – 8. mai. Dei nominerte kandidatane til Statens byggeskikkpris 2009 er:

• Universet studentbarnehage i Tromsø (Steinsvik arkitektkontor).

• Løvåshagen borettslag i Bergen (ABO Plan & Arkitektur AS).

• Steinerskolen på Skjold i Bergen (3RW arkitekter).

• Preikestolen fjellstue Jørpeland i Strand kommune (Helen & Hard arkitekter).

• Ungdomsavdelinga for psykisk helsevern i Helse Førde i Førde i Sogn og Fjordane (Nordplan AS v/arkitekt Arild Wåge).

• Hundsund grendesenter i Bærum (Div.A arkitekter AS).

• Oslo International School Bærum (Jarmund/Vigsnæs AS arkitekter).

Offentleggjering og prisutdeling
Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa offentleggjer vinnaren av Statens byggeskikkpris 2009 den 10. juni i auditoriet i R5 i Oslo. Utstillinga i galleri R5 er open for alle mellom 10. juni og 10. juli

Ny jury for perioden 2009 - 2012
Kommunal- og regionalminister Kleppa har oppnevnt ny jury for Statens byggeskikkpris. Juryen er vald for fireårsperioden 2009- 2012. Leiar for den nye juryen er samfunnsvitar, journalist, forfattar og stipendiat på Arkitekthøyskolen i Oslo, Erling Dokk Holm.

Kontaktpersonar:
Erling Dokk Holm, juryleiar: tlf. 95 94 74 66
Gerd Seehuus, leiar for sekretariatet: tlf. 78 42 74 30, mobiltlf; 46 95 08 09
e-post: gerd.seehuus@husbanken.no

Årets jurymedlemmar er frå venstre Marit Tyholt, dr. ing, forskningsleiar ved Sintef Byggforsk i Trondheim Grethe Kvinnesland, sivilarkitekt, prosjektsjef i Stavanger kommune, juryleiar Erling Dokk Holm, Magdalena Haggärde, sivilarkitekt og medeigar i arkitektkontoret 70N arkitekter i Tromsø og Ellen Haug, sivilarkitekt i rådgjevargruppa Civitas i Oslo. Foto: Astrid Seime, Husbanken
Årets jurymedlemmar er frå venstre Marit Tyholt, dr. ing, forskningsleiar ved Sintef Byggforsk i Trondheim Grethe Kvinnesland, sivilarkitekt, prosjektsjef i Stavanger kommune, juryleiar Erling Dokk Holm, Magdalena Haggärde, sivilarkitekt og medeigar i arkitektkontoret 70N arkitekter i Tromsø og Ellen Haug, sivilarkitekt i rådgjevargruppa Civitas i Oslo. Foto: Astrid Seime, Husbanken