Nyheter

Vil freda pionerhus i Tromsø

Riksantikvaren føreslår å freda bustaden til NAL-æresmedlem Kirsten Sand.


Arkitekt Kirsten Sand var motstandar av funksjonalistane sine laboratoriekjøkken, og ville ha ein samlingsplass for heile husstanden på kjøkkenet. Hennar eigen bustad i Mellomveien 130 i Tromsø har open kjøkkenløysing, noko som var radikalt rett etter krigen. Foto: Harald Groven

Kirsten Sand (18951996)

Sand var i 1919 første kvinne som tok diplom på arkitektlinja ved NTH. I mellomkrigstida dreiv ho eigen praksis i heimbyen Oslo, der ho teikna bustader og hytter. Etter krigen arbeidde Sand som distriktsarkitekt for Husbanken i Nord-Troms. Der var ho sentral for gjenreisinga etter krigen fram til 1953 og var sterkt engasjert i bustadsaka. 19561958 var Sand leiar og nestleiar i Nord-Norges Arkitektforening. Ho går for å vera ein pionér innan planløysingar i bustader og var engasjert husmødrer sine arbeidsforhold. Sand teikna sjølv bustaden sin i Mellomveien 130 i Tromsø, der ho budde mellom 1952 og 1994). I 1996 blei Sand utnemnt til æresmedlem i NAL, som førebels ein av 19 utpeikte sidan 1919, derav tre kvinner. Sand er gravlagt på Vår Frelsers gravlund i Oslo. 

 

Kjelde: SNL.no, Norsk kunstnerleksikon og Lokalhistoriewiki.no

Arkitekt Kirsten Sand sin bustad i Mellomveien 130 i Tromsø skal vera eit ekstraordinært eksempel på den nøkterne etterkrigsarkitekturen. Sand teikna sjølv bustaden i 1952, og budde der fram til 1994.

 

Arkitektonisk eksperiment

Bustaden er eit kjellarlaust hus og har open kjøkkenløysing, som eit av dei første i landet. Mellomveien 130 blir ein av dei få bygga frå etterkrigstid som blir freda.

– Huset er eit eksperimenthus for lett bindingsverkskonstruksjon. Då Finnmark og Nord-Troms skulle byggjast opp att etter krigen, var det naudsynt å bruka minst muleg av dei rasjonerte bygningsmateriala. Det som er spesielt med Mellomveien 130 er den opne planløysinga, med kjøkken og stove i eitt. Barneromma i andre etasje har felles lekeareal, seier rådgjevar for kulturminner og bygningsvern i Tromsø kommune, Erling Steenstrup.

 

Pioner for kvinner

Huset var så radikalt utforma at då det stod ferdig, heldt Sand ope hus i helgene slik at folk kunne komma å sjå. Som distriktsarkitekt i Husbanken teikna Sand 24 typehus, som skulle bli norm for bustadbyggjing over heile landet. Mange av desse var nøkterne hus tilpassa kvinner.

– Som Noregs første kvinnelege arkitekt med diplom frå NTH var Sand ein pioner som var svært opptatt av kvinners rolle. Sand ville gjera kvardagen enklare for husmødrer – og ville vidareføra kjøkkenet som viktig samlingsplass, forklarer Steenstrup.

Sand var motstandar av laboratoriekjøkkenet til funksjonalistane, og ville ha ein samlingsplass for heile husstanden på kjøkkenet.

 

Planløysing for samfunnsengasjement

Arkitekt og professor emerita i kunsthistorie ved Universitetet i Tromsø, Ingebjørg Hage, utdjupar:

– Kjøkkenet var planlagt slik at ikkje husmora ikkje skulle vera isolert. Det skulle vera utforma slik at husmora kunne vera ein del av familien samstundes som ho arbeidde. I mange av gjenreisingshusa er kjøkkenet stort nok til at familien kunne opphalda seg der, eller det blei utforma i kontakt med stova. Det var ganske radikalt på den tida, seier Hage.

Sand sitt design botna i eit samfunnsengasjement for husmødrer og kvinner sin posisjon i samfunnet. Sand meinte at ein ikkje kunne forventa husmora skal ta del i samfunnsutviklinga og i politikken dersom ho blei isolert frå diskusjonane, seier Hage, som karakteriserer Sand som eit førebilete for kvinnelege arkitektar.

 

Viktig for gjenreisinga

Som 100-åring blei Sand æresmedlem for sitt engasjement for bustadsaka og sin store innsats for gjenreisinga av Nord-Noreg etter krigen. Representantskapet i Norske arkitekters landsforbund har sidan 1911 utnemnt 19 arkitektar til æresmedlemmer, derav tre kvinner. Sand er i Tromsø mest kjend for arbeidet med musikkundervising for barn og unge, og blir ifølgje avisa Nordlys kalla Musikkskolens mor.