Tema

Innsjøar i Bengaluru

Rodeo arkitekter har lang jobberfaring fra Afrika. Nå skal de til India og rense gjengrodd innsjø.


Fra papirutgaven Arkitektnytt 10-11/2017
Arkitekt og urbanist Anders Ese og samfunnsøkonom Ida Zeline Lien (bildet) jobber i Rodeo arkitekter. Kontoret har siden 2008 drevet prosjekter i østre og sørlige Afrika, og har nylig utvidet sitt geografiske nedslagsfelt til Asia, blant annet India.

Bengaluru/India  Nyleg vart Rodeo tildelt middel frå Arkitektur ut i verden-programmet, ein velkommen moglegheit for oss å ekspandere satsinga vår i utlandet. Ekstra spennande var det at me fekk stønad for å ikkje fokusere på arkitektur. Årsaka til stønaden er det geografiske fokuset Rodeo har på austre- og sørlege Afrika, og no Asia, og den tverrfaglege tilnærminga vår til strategisk byutvikling.

 Men kva tyder no det? Det nyaste samarbeidet vårt i Bengaluru i India er eit godt døme på korleis ei tverrfagleg tilnærming til byar og arkitektur, utan å teikna arkitektur, kan bidra til å få til varige, berekraftige løysingar. Dette er ikkje nye tankar, men i Bengaluru ser me konturane av utfordringar i ein skala som vi ikkje har jobba i tidlegare.

Dei indiske partnarane våre i Sensing Local inviterte oss med på eit svært interessant prosjekt som i utgangspunktet handla om å reinsa og rusta opp Varthur Lake i Bengaluru. Sidan har prosjektet vakse. Ved første augekast ser innsjøen vakker ut. Men dette seier meir om potensial enn om røynda. Innsjøen – ein av over to hundre i Bengaluru – er i dag berre ein halvmeter djup. Resten av det vel ti meter djupe vatnet er fylt av forureina mudder. Økosystemet er døyande.

Varthur er langt frå den einaste innsjøen i Bengaluru med problem. I årevis har søppel, kloakk og forureining frå industri vorte sloppe uhindra ut i innsjøane og elveløpa. Det som skulle ha vore viktige vasskjelder for bønder og innbyggjarar, og livsviktige økosystem for flora og fauna, er no alvorlege helse- og miljøproblem. Det skummar ukontrollert av vassmassane grunna kjemiske reaksjonar. Det brenn tidvis på overflata, og lukta er kraftig. Med ein eksplosiv folkeauke vil innsjøar som Varthur, som i dag ligg i randsona av byen, bli omringa av massiv utbygging dei neste fem åra. Dette er spekulative prosjekt som vil auke forureininga svært, og som ikkje held seg til vedtekne reguleringar. Våtmarker forsvinn og innbyggjarane vert fråtekne rekreasjonsareal og inntektskjelder.

Sensing Local og deira nettverk av offentlege og private aktørar byrjar no på ei systematisk oppreinsking av innsjøar og elver i Bengaluru med utgangspunkt i Varthur. Parallelt med dette arbeider vi med andre, vel so viktige sosiale, økonomiske og politiske tiltak i området. Førebels er dette arbeidet prega av fleire spørsmål enn svar. Kan individuell sosial åtferd blant innbyggjarar, i industrien, og i det politiske og administrative, endrast slik at innsjøane ikkje vert forureina att?  Kan ein tydeleggjera og overtyda innbyggjarar, politikarar, administrasjon og utviklarar om at reine innsjøar vil gi både kortsiktig og langsiktig sosioøkonomisk gevinst? Kan regulering overhaldast, og kan den verta strengare utan at det oppfattast som negativt? Kan tanken om reine innsjøar – som i dag vert flagga av nokre få idealistiske organisasjonar – verta allemannseige, ein del av eit kollektivt medvet?

Kan ein – i ein by på Bengaluru sin storleik – samlast kring ein felles visjon, Byen med dei 200 innsjøane, der ein fremjar ideen om ei blå og grøn urban utvikling i kontrast til den grå teknologi-hovudstaden Bengaluru er i dag?

Om ein ikkje tek tak i slike utfordringar, er ein ting sikkert: Gode, design-baserte intensjonar vert meiningslause, gjeve den pågåande utviklinga langs breddene av Bengaluru sine innsjøar.

Dette er inga enkel oppgåve. Me er dei første til å innrømma det. Med ti års arbeidserfaring frå Afrika er Rodeo klar over behovet for å forstå kontekst og problem knytt til direkte import av tankegods. Samstundes står me bak strategiane kring bilfritt byliv i Oslo, og jobbar med haldningsendringar for å auke sykkelbruken i ein by full av isete bakkar. Me veit kor vanskeleg det er å endra sosial åtferd. Storleiken til Bengaluru gjer at desse utfordringane mangedoblast. I det større perspektivet er det likevel ikkje langt mellom Oslo og Bengaluru. Tiltaka me viser til er døme på kva for problemstillingar desse byane må ta tak i for å nå klimamål, og for å skape berekraftige, sosiale og økonomiske urbane område for folk flest. I begge høva er det vesentleg med ei tverr- fagleg tilnærming, der det å ikkje designe er like viktig som å designe.

Arkitekt og urbanist Anders Ese og sam-funnsøkonom Ida Zeline Lien  (bildet) jobber i Rodeo arkitekter. Kontoret har siden 2008 drevet prosjekter i østre og sørlige Afrika, og har nylig utvidet sitt geografiske nedslagsfelt til Asia, blant annet India.